#176 - Scuderia TOTEN

<< < (41/67) > >>

#176 - Arve Vassbotn:
Då var årets første løpshelg vel overstått!

Både bil og sjåfør er like heile etter helgas strabasar, og litt må det være etter ein slik vinter.... Ein kan ikkje rekne med at alt er rett fram og tut og køyr.

Ein liten oppstart på laurdagskvelden, med Jens som kyndig hjelpar, vart det gjort nokre små justeringar. Ikkje noko alvorleg galt, men litt småtips som er notert og som skal utførast fram mot neste løp.

På søndagsmorgonen var det kaldt, og slikt likar ikkje varmblods Italienarar, tung å starte og gjekk ikkje på alle fire før den fekk opp litt temperatur så på fyste trening vart det berre ei runde. Men eg kjende det hadde skjedd noko og at bremsene trengde tilvenning.......

Andre trening var Viperen meir samarbeidsvillig og fekk no verkeleg strekt på beina. Det er no såpass trøkk i børsa at heile luftboksa spratt av og det same med eksosanlegget, så då var det berre og tusle tilbake  til depoet og jekke opp slik at eg fekk festa sakene igjen.

Kvalik gjekk heller dårleg, etter to runder med maks trøkk spytta den av luftboksa og eksosanlegget igjen, men tida var såpass bra at det vart ikkje heilt bakerst i start feltet i løp ein. Så var det å få stripsa fast luftboksa så den heilt sikkert skulle halde seg på plass, og feste eksosanlegget ein gong til.

Starten på løp ein gjekk som ein rakett, og eg tok tre plassar ned mot første sving, men når ein har yttersving og ikkje er så veldig keen på platekontakt, slapp eg meg litt bak. Heilt greit det så fekk eg ligge litt for meg sjølv og bli kjent med bremsene og bremsepunkt. Det gikk heilt strålande heilt til sjuande runde, då spytta han av eksosanlegget igjen! Med hjertet i halsen for å få svartflagg, det bråkar litt med kun grenrør!! trilla eg sakte til mål og poeng! Mål ein oppnådd!!

Med eksosanlegget på plass igjen! Stilte eg til løp to med håp om å kome til mål ein gong til. Nok ein gong ein kjempestart, og la meg på tredjeplass i Coppa mille. Eg heldt godt følge med kl.4 bilane og sistemann i kl.5 vart lenger og lenger bak. Halvegs i løpet kom frykta for å miste eksosanlegget igjen, og eg køyrde for å sikre tredje plassen, utan å miste eksosanlegget.

Dagens resultat:


Rundetida på karlskoga forbetra med 4,6 sekund!

Litt å arbeide med til neste løp, men vinterens modifikasjonar er godkjent!  ;D

#176 - Arve Vassbotn:
Her er ei lita oppsummering av helga i Sverige:

#176 - Arve Vassbotn:
Førebuingane er i gang til neste opptreden. Litt roligare i verkstaden denne gongen.




 ;D

#176 - Arve Vassbotn:
I tillegg til fast arbeid og at eg skrur ein del, så må ein også ha litt anna å gjere....... ;)

Viper'n har fått eigen heim på verdsveven: www.scuderiatoten.no

Og har ein lyst til å prate med Viperen, få vite litt kva han driv med i ledige stunder, eller kva planar han rugar på, kan ein ta kontakt på: viper@scuderiatoten.no

 ;D ;D ;D

Jon-Even Johansen:
Tøft!

JE

Navigering

[0] Oversikt

[#] Neste side

[*] Forrige side