#176 - Scuderia TOTEN

<< < (42/67) > >>

#176 - Arve Vassbotn:
He, he gikk litt fort i svingane ja......

Får vel redigere litt då  ;D

#176 - Arve Vassbotn:
Seriøse førebuingar denne gongen. Skulle gjere litt småplukk i dag, blandt anna justere litt på innsprøytinga... Men når PC'ligg att heime får ein finne på noko anna.

Sidan me skal køyre på helgedag fann eg ut at me må pynte oss litt  :D



Vart ganske blank:



Me sjåast på mandag.  ;D

#176 - Arve Vassbotn:
Har vore på verdsveven igjen.......

Om alle solemerker, og postdama, er med Scuderiaen stiller me på Rudskogen om eit par veker med hysteriske hjulvinklar og endå stivare rompe på Viperen.  8)

Fekk ein telefon frå "onkel" Jens i går kveld, han var ikkje fornøgd med innbremsinga mi, så eg får ta ein tur til psykolog i tillegg.....  Berre han gamlefar tør å stå i "ramma" til det er alt for seint, etter mitt begrep, skal eg i fylgje "onkel" Jens greie å knipe eit par-tre sekund til på runda. Då nærmar eg meg ei ny magisk grense.... 1 min 50 s.

Me får sjå då, kven feigar ut først...... bilen eller gamlefar??   ;)

#8 - Marius Sorteberg:
Jeg har fått tak i noe Valium som skal prøves i Angsten neste gang Arve. Jeg forsøkte å bremse senere og senere inn i den svingen, men konkluderte hver gang at jeg kunne ha kjørt raskere. Bilen vår er bra den, her er det nervene som må trimmes.

 ;D

#176 - Arve Vassbotn:
Kor sløv er det mogleg å bli?

Postdama har levert varene ho, men når mannen bak tastaturet er heeeeeiiiilt på bærtur nyttar det lite! Nye 1000£ fjøyrer til bakstussen arriverte tidlegare i veka, og eg var ikkje sein i vendinga med å få dei på plass.....

Men...??



Hi-jackers vart det... FAEN! altså!! slik er det når ein ikkje kan å betjene metermål.... Ja, ja den er tilbake til utgangspunktet, så det vert nok løp denne gongen også.

I frustrasjonen over å ha bestilt feil lengde på fjøyrene rota eg litt rundt i delehaugen. Eg fann, eg fann, sa oskeladden... og jaggu fant eg også litt morosaker:



No skal det i alle fall bestillast fjøyrer som er korte nok !!  ;D ;D ;D

Og spacerane sit eit velrenomert firma på Rud og rugar på, så eg må nok stille med Viperen som den var sist gong.

Me sjåast!

Navigering

[0] Oversikt

[#] Neste side

[*] Forrige side