#176 - Scuderia TOTEN

<< < (43/67) > >>

#176 - Arve Vassbotn:
Oppgradeingar undervegs:

Har vore plaga med rikelig understyring og stor slitasje ytterst på framhjula.

Har no investert i 12mm spacere rundt heile vogna og lagt framhjula inn i overkant til demparen gikk i rammevangen i nedre feste....  ::) Har no maks. av det som er moglegg av neg. caber på konebilen, og er no rett under -4 i camber. Toeout gikk då fra +2 til +4. Var litt redd at det skulle bli litt voldsomt med +4 i toeout, men eg tok ei runde rundt verkstaden i går kveld og det vart ikkje heilt driftingoppsett... me fe sjå.

Bak subbar det no kraftig så det gikk ei bestilling på 1600 £ 5'' lange fjøyrer no i dagtidleg. Har 800 £ 7'' fjøyrer i no..... DET må vel bli stivt nok   ;D

På Punto sit fjøyra heilt bakerst på svingarma bak og med kraft * arm prinsippet vil ei 1600£ fjøyr ha ei effektiv virkningsgrad på ca. 1000£..... håpar eg. Neste jobb vert å få triksa til svingarmane bak så eg kan få litt neg. camber der også. Men det trur eg at eg ventar med til vinteren.... Er greit å få tak i eit par tre ekstra svingarmar så ein kan eksperimentere litt og ikkje bli ståande att utan bakhjulsoppheng no rett før det nærmar seg oppgjerets time....  ;)

Gløymde heilt å ta bilete av dei fine nye blanke Sparco spacerane, skal sjå om eg hugsar det ein annan dag.

#34 Jens Hagen:
lb Arve lb/lnch,  ikke penger du snakker om regner jeg med? ;D

#176 - Arve Vassbotn:
Sitat fra: #34 Jens Hagen på 10. Juli 2015, 11:55:58

lb Arve lb/lnch,  ikke penger du snakker om regner jeg med? ;D


 ;D Er då Sunnmøring ;) (og litt lat, sparte eit par tastetrykk på å bruke £-teiknet... som eg no har brukt for å forklare teiknbruken  ;D )

#176 - Arve Vassbotn:
Hmmmm, no er eg litt skeptisk!

Var i verkstaden i går og skulle gjere litt til på hjulopphenget bak. Men når eg skulle få lørja opp på bukkar møtte dette synet meg:





Dette er altså bilete av dei nye gilde spacerane som eg har kjøpt. Der fulgte det med nye boltar, som visstnok skulle være "gode greier".... No er eg ikkje brått så sikker lengre. Bilen har stått på hjula i to veker, boltane var rett nok ikkje derge til med moment, men likevel har ein av boltane berre knekt tvert av! Hovudet låg pent på golvet og restane var berre å skru ut med fingrane..  :o

Det skal vel ikkje være slik? går dette på kontoen for "feilvare" eller må eg rekne med at fleire av boltane berre ryk tvert av? De som har desse spacerane, har de brukt boltane som fulgte med? Eller er det berre å kjøpe nytt med ein gong?

Så over til bakhjulsopphenget.....



Elle, melle, deg fortelje.... Kva skal vi velge her då? Frå venstre 8'' 1000 lbs/inch, 7'' 800 lbs/inch, 5'' 1600 lbs/inch. Idèen med å bruke 5'' og restane av coilover settet enda på same viset som med 8'' fjøyra..... Hi jackers.

Satan i helvete!!!! skal det være så inni gamperæva vanskelig å få lørja stiv og lav nok i ræva då?? Sånn då var det ute..  ;) ;D

Det blir nok ei ordning, må berre få laga nokre foringar i aluminium så skal eg nok få justert meg inn.

#176 - Arve Vassbotn:
Hø, hø, hø......



Jadda!  8)

Trur nok dette blir litt vel ekstremt. Dette er då kun 5'' fjøyra utan ekstra foring. Hjulet går rundt, både framover og bakover når lørja heng på bukkar, men klaringa er kun 2-3mm. Ein annan ting er nok at eg er under dei 5 cm markklaring som reglane krev.

Får vel intensivere jakta på ein aluminiums bolt. Om nokon har ein på innerlomma er det berre å skrike ut.  :D

Navigering

[0] Oversikt

[#] Neste side

[*] Forrige side