Corsa Italiana
21. November 2017, 18:26:16 *
Velkommen, Gjest. Vennligst logg inn eller registrer deg.

Logg inn med brukernavn, passord og innloggingstid
Nyheter:
 
   Hovedside   Hjelp Logg inn Registrer  
Sider: 1 ... 21 22 [23]
  Skriv ut  
Skrevet av Emne: #176 - Scuderia TOTEN  (Lest 86464 ganger)
#176 - Arve Vassbotn
Pilota

Utlogget Utlogget

Innlegg: 176


Skreia - Østre Toten


WWW E-post
« Svar #330 på: 27. Juni 2017, 20:47:11 »

Eg er nok ikkje heilt bak mål når det gjeld å handtere metermål og skyvelær  Blunker



Er litt usikker på offset. Slik eg forsto teikninga skal midt på caliper være midt på skiva. Målte ut i frå skøyten på caliperen, som eg forsto var midt på caliper,  og har skøyten midt på skiva. Då er det 1mm forskjell i avstand frå stempel til skive på kvar side, caliper bør med andre ord stå 0,5mm lenger inn mot navet. Usikker på om det har nokon betydning...??



Om det har betydning er det lett å fikse før produksjon av metallbiten. Plastdingsen frå 3D printeren gjorde det i allefall mykje lettare å sjekke om måla var rette.

Artig sak den skrivaren, hola vart laga med M10 gjengar, berre ein kjapp tur innom Würth og handle skruar og skru det saman. Teknologi er artig!  Gliser
« Siste redigering: 27. Juni 2017, 20:57:33 av #176 - Arve Vassbotn » Loggført

#176 - Arve Vassbotn
Pilota

Utlogget Utlogget

Innlegg: 176


Skreia - Østre Toten


WWW E-post
« Svar #331 på: 22. August 2017, 13:24:56 »

Ventetida er snart over...... det var 45 dagars leveringstid på dei nye klossane.

Demon Tweeks melder no at klossane til dei nye caliperane er på veg over Nordsjøen og landar snart i Scuderia TOTEN sine lokaler. Klossane er av det tøffe / dyre slaget, så det er faktisk tvil om eg faktisk treng å bremse i det heile... Øyerulling

Så snart klossane er testa i det nye oppsettet vert det produksjon av adapter. Stay tuned! Målet er å teste nye bremser på skogen i september.  Gliser
Loggført

#176 - Arve Vassbotn
Pilota

Utlogget Utlogget

Innlegg: 176


Skreia - Østre Toten


WWW E-post
« Svar #332 på: 14. September 2017, 11:52:49 »

Dagane er jaggu lange i UK..... no først kom klossane til Toten. Det vil då innebere at Viper'n vil gå på gamle bremser også siste løpa i år.  Trist

Men i alle fall, slik ser det ut med klossane montert:





Det må nok til ei lita justering slik at klossane i alle fall ikkje stikk utanfor skiva. Trur nok også at den halve millimeteren inn mot navet også må fjernast.

Men då er i alle fall bekrefta at dette skal gå bra. Då var det berre att å få produsert adapterane i metall.

Det går da i alle fall framover, om enn litt smått...
Loggført

#176 - Arve Vassbotn
Pilota

Utlogget Utlogget

Innlegg: 176


Skreia - Østre Toten


WWW E-post
« Svar #333 på: 26. September 2017, 12:22:22 »

Då var sesongen over for i år, og for ein sesong!

Viper'n har vist seg frå godsida heile sesongen, ikkje eit feilslag og motoren er like tett og fin som den var ved installasjonen i vår!

Vi har raska med oss fire andreplassar, to tredjeplassar og to fjerdeplassar i løpet av sesongen. ID fekk eg diverre ikkje med meg i år, men totalt enda me på bronseplassen i klasse 4, og jaggu var me innafor topp ti totalt i heile baletten med 9.plass totalt. Scuderia TOTEN's beste sesong så langt!

Det må feirast med ein videosnutt frå løp 10:



Diverre er ikkje alt rosenraudt i Scuderia TOTEN og eg såg meg nødt til å sparke logistikkansvarleg (underteikna) for slett utført jobb med kamera- og innkvarteringslogistikk. Ny mann er ansatt (underteikna) med strenge føringar for neste sesong. Me håpar det gjev veg i vellinga og litt meir film frå løp og betre innkvartering for piloten (underteikna)  Blunker Gliser

Til eg finn på nye sprell, nyt filmen frå årets andre regndans!
Loggført

Jon-Even Johansen
Comitato

Utlogget Utlogget

Innlegg: 855


Fredrikstad


E-post
« Svar #334 på: 26. September 2017, 12:33:09 »

Gratulerer Arve! Viperen og du har visst blitt venner nå!

JE
Loggført

0o=V=o0
Sider: 1 ... 21 22 [23]
  Skriv ut  
 
Gå til:  

Bygget på MySQL Bygget på PHP Powered by SMF 1.1.21 | SMF © 2006-2009, Simple Machines
Simple Audio Video Embedder
XHTML 1.0 godkjent! CSS godkjent!
Driftes av Dynamic Operations AS